Ruslemøte langs pilegrimsleia

Ruslemøte langs pilegrimsleia

Pilegrimsleia. Steindalen. Kristi Linge Stakkestad I regi av prosjektet «Valldal 2029» inviterer vi til synfaring og ruslemøte på pilegrimsleia Valldalsleia frå Grønning til Grønningsæter fredag 8. oktober kl 15-17. Alle som er interessert er velkomne til å delta!

Avgang frå Grønning 71 kl 15 (parkering i tunet, ved fremste brua på Grønning). Ta med eiga drikke, så spanderer prosjektet niste til ein rast undervegs.

Grunneigarar, turglade, næringsdrivande langs leia, eldsjeler og alle som er interessert i pilegrimsleia og Olavstradisjonen er invitert! Vi ordnar med buss tilbake frå Grønningsæter til Grønning.

På grunn av berekning av mat og busstrasport ber vi om påmelding til terese@fjordhagen.com eller sms til 92805659 seinast torsdag 7.oktober.

Les meir om Valldalsleia på pilegrimsleden.no