Reduksjon i rutetilbodet for buss - høyring

Reduksjon i rutetilbodet for buss - høyring

Møre og Romsdal fylkeskommune har starta ein prosess for å redusere drifta innanfor kollektivtransporten. Dette vil innebere nedlegging av ein del rutetilbod. Dei ber kommunar som ønskjer å gje innspel til prosessen om å kome med desse.

 

Vi ber om at innspel blir sendt Fjord kommune, Postboks 114, 6211 Valldal eller på e-post post@fjord.kommune.no snarast og seinast innan 7. februar d.å.

Fjord kommune skal vidaresende innkomne høyringsuttalar samla til Møre og Romsdal fylke.