Råd til folk som kjem frå austlandet
Regjeringa har frå 23.01.21 sett i verk strenge smitteverntiltak for fleire kommunar i Oslo-området. Dette skuldast smitteutbrot av ein særs smittsam virusvariant.
Det er mange i vår kommune/region som reiser til og frå desse områda både i arbeid og fritid. Ut frå eit føre-var-prinsipp oppmodar difor kommuneoverlegen at alle som har vore på reise i det sentrale austlandsområdet dei siste 4 dagane om å gjere følgjande:
- Hald 2 meters avstand til alle du møter.
- Ikkje oppsøk restaurantar og andre møteplassar der det er vanskeleg å halde avstand.
- Ikkje gå på besøk til sjukeheim, omsorgsbustad og dei eldre i familien.
- Du som arbeider i helse- og omsorgstenesta, bruk munnbind ved pasientkontakt.
- Bestill time til testing i veka som kjem sjølv om du ikkje har symptom.
- Skulle du få luftvegs- eller influensaliknande symptom må du halde deg heime og kontakte legetenesta
Publisert24.01.2021 15.59