Frå rundt månadsskiftet august/september blir det heilt umogleg å parkere i området ved Linge ferjekai, og no vil han drøfte praktiske løysingar med pendlarar som brukar å parkere bilen og ta ferja for å arbeide på andre sida av Norddalsfjorden.
Vil finne praktisk løysing
- Vi må få greie på kven som er avhengige av å parkere på kaia, komme i dialog med dei, og prøve å finne ei praktisk løysning, seier byggeleiar Ole Kristian Remkall i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Fylkestinget har vedtatt å bygge nye ferjekaier på Linge og i Eidsdal. Anleggsarbeidet er i gang. Kaiane skal vere klare til å ta imot nullutsleppsferje med kapasitet på 80 personbileiningar frå 1. januar 2024.
Sprengte ut stort område
Byggeleiar Remkall seier at på Linge ferjekai er dei no i sluttfasen med å etablere det som vil bli nye parkeringsplassar på kaiområdet, etter at parkeringsplassane oppe ved fylkesvegen blei fjerna:
- Dette blei gjort for å få betre plass under kaiutbygginga, som skal starte i slutten av august i år. Vi har sprengt ut eit stort område for å få nye parkeringsplassar, som vil bli tilgjengeleg frå veke 29 og ut sommarferien. Men frå om lag veke 35, når entreprenøren for kaiutbygginga etablerer seg, må vi legge på- og avkøyringa frå ferja til dei nye parkeringsplassane. Og slik vil det vere i rundt 90 veker, seier Remkall.
- Ta kontakt
Han understrekar at det frå månadsskiftet august/september ikkje vil vere mogleg å parkere i det heile tatt på ferjekai-området.
- Pendlarar; ta kontakt, seier byggeleiaren.
Kontaktperson:
Ole Kristian Remkall, byggeleiar, telefon 902 28 890. E-post: ole.kristian.remkall@mrfylke.no