Planstrategi 2020-2023 og Planprogram for kommuneplan samfunnsdel – Melding om vedtak
Kommunestyret vedtok i møte 4. februar 2021 planstrategi for styreperioden 2020-2023 og planprogram for utarbeiding av samfunnsdelen til kommuneplanen. Planstrategien skal vere retningsgivande for all planlegging i kommunen. Planstrategien skal vise utfordringar og moglegheiter for samfunnet i Fjord kommune, og samstundes vise korleis kommunen vil prioritere dei ulike oppgåvene
Plan og bygningsloven § 10-1 opnar for at utarbeiding og behandling av kommunal planstrategi kan slåast saman med og vere ein del av oppstart av arbeidet med kommuneplanen. Eit planprogram skal utarbeidast når kommuneplanen vert revidert. Planprogrammet skal gjere greie for formål, tema og utgreiingsbehov. I tillegg korleis arbeidet skal gjennomførast med blant anna høyringsfristar og medverknadsprosessar.
Vedteke planstrategi og planprogram (PDF, 3 MB)
Saksframlegg med vedtak og vedlegg
Vedtak av kommunal planstrategi eller planprogram kan ikkje påklagast, då det ikkje er å rekne som eit enkeltvedtak etter plan- og bygningslova § 1-9.
Publisert10.02.2021 07.54