Påvist smitte i Fjord kommune

Påvist smitte i Fjord kommune

Ein person i Fjord kommune har nyleg testa positivt på covid19. Vedkomande er blitt smitta utanfor kommunen. Kriseleiing og kommuneoverlege er tett på saka og karantene og smittesporing er sett i verk etter vanlege prosedyrar.

Nasjonale styresmakter har heile tida mint oss på at så lenge det finst smitte i befolkninga, er dette ein situasjon som vil kunne inntreffe. Det viser oss at vi framleis må vere svært påpasselege med å overhalde avstandskrav og hygienekrav. 

Inntil vi er heilt trygge på at ikkje fleire personar i kommunen er blitt smitta, tar vi ingen unødige sjansar. Derfor vert den planlagde oppmjukinga av besøksrestriksjonane ved institusjonane våre utsett inntil vidare.