Passbilen på besøk

Passbilen på besøk

Klikk for stort bileteForrige veke var politiet på rundtur med sitt mobile pass og id-kontor for første gong med stopp i Valldal.

Det var lagt ut informasjon og høve til å bestille timar i forkant. Desse vart fort fylt opp.

Neste besøk er 29. oktober. Les meir om tilbodet her

Fjord er ei av få kommunar i området som får dette tilbodet. Fjord sin politikontakt Øyvind Verpeide vil gjerne ha tilbakemelding på ordninga som skal evaluerast undervegs.

Tilbakemeldingar kan formidlast via Fjord kommune, eller ved å kontakte politiet direkte.