På pilegrimsveg frå Valldal til Dovre

På pilegrimsveg frå Valldal til Dovre

Hans-Jacob Dahl Bli med langs Valldalsleia i ord og bilde. Tysdag 26. oktober kl 1800 inviterer vi til foredrag ved Hans-Jacob Dahl på biblioteket i Valldal.

I samband med prosjektet «Valldal 2029» inviterer vi til ein møteserie på biblioteket i Valldal der det blir sett fokus på Valldalsleia, Olavstradisjonen og Nasjonaljubileet 2030 Norge i tusen år. Vi inviterer forfattarar og andre med kunnskap og kjennskap til dette til samtalar kring desse temaa.

Denne kvelden kjem Hans-Jacob Dahl, dagleg leiar for Pilegrimssenter Dovrefjell . Han har mellom anna vore med på å skrive guideboka for Valldalsleia, og har gått pilegrimsleia fleire gonger. Han vil vise bilde og fortelje om turen frå Valldal til Dovre og kulturminna undervegs.

Velkomen!

Lenker:
Valldalsleia
Nasjonaljubileet 2030 Norge i tusen år
Pilegrimssenter Dovrefjell

Pilegrimsleia. Steindalen. Kristi Linge Stakkestad