Orienteringsmøte om skilting og merking for friluftsliv

Orienteringsmøte om skilting og merking for friluftsliv

Det blir orienteringsmøte om skilting og merking av friluftsområde i Stordal og på Dyrkorn. Møtet blir i Stordalshallen tysdag 15. juni kl 19.00. Alle som er interessert i friluftsliv er invitert!

På møtet vil vi sjå på kva muligheiter vi har for ei utbetring av skilting og merking i nærområdet vårt.

Dagsorden

  • Opning ved ordførar Eva Hove
  • Orientering om merkings- og skiltingsarbeidet i verdsarven og Fjord kommune
    v/Merete Løvoll Rønneberg, Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv
    • Naturvenleg tilrettelegging
    • Føringar for merking og skilting
    • Nasjonal standard
  • Drøfting - korleis organisere arbeidet i Stordal og på Dyrkorn?
  • Oppsummering ved kommunalsjef oppvekst, kultur og næring, Charles Tøsse

Vi håper mange vil engasjere seg i dette arbeidet og møte opp!
Påmelding på e-post til: hallgeir.hove@fjord.kommune.no seinast dagen før. Reglar for smittevern vert følgt.

Velkomen til det vi håper og trur vil bli eit særs nyttig og bra møte!

Plakat (DOCX, 5 MB)

Litt om friluftsliv generelt og litt om det som alt har blitt utretta (DOCX, 37 kB)