Orienteringsmøte om reguleringsplan for Røbbervika

Orienteringsmøte om reguleringsplan for Røbbervika

I november 2020 blei det varsla oppstart av reguleringsplanarbeidet for Røbbervika landbaserte oppdrettsanlegg i Sunnylvsfjorden.

I samband med planarbeidet ønskjer kommunen og utbyggar tilbakemelding frå aktuelle partar til planarbeidet. Det vert derfor invitert til eit informasjonsmøte om saka.

Pga. koronasituasjonen vil møtet bli gjennomført digitalt.

Tidspunkt: Måndag 18. januar kl. 18.00

Lenkje til det digitale møtet finn du ved å klikke her: Pålogging til orienteringsmøte

Dagsorden for møtet:

  1. Presentasjon av prosjektet ved utbyggar Roger Hofseth.
  2. Orientering om planprosessen ved plankonsulent Heidi Hansen.
  3. Spørsmål og tilbakemelding frå møtedeltakarane.

Tidsramme ca. 2 timar

Planavdelinga
Fjord kommune

Planprogram for Røbbervika (PDF, 3 MB)