Ope foredrag med Helsesista

Ope foredrag med Helsesista

Klikk for stort bileteTysdag 22. september kl 1800 inviterer vi til ope foredrag med Tale Maria Krohn Engvik – Helsesista. Foredraget er ei markering av Verdsdagen for psykisk helse, det er gratis og ope for alle. Velkomen til Martin Linge-huset.

Sjå plakaten her (PDF, 510 kB).

Heile Norges «Helsesista» på sosiale medier

«Helsesista» Tale Maria Krohn Engvik er utdanna helsesjukepleiar, og jobbar med formidling av kunnskap rundt ulike tema som helse, barn og ungdom.

Ho er foredragshaldar for ungdom og vaksne, programleiar i TV-program og podcast. Ho har også gitt ut boka «Helsesista #vågåvære».

Spør meir! Alle har ei psykisk helse!

Tema for Verdsdagen 2020 er «Spør meir!» Verdsdagen for psykisk helse har som mål å auke forståing av eigen psykisk helse blant befolkninga.

Det er fokus på kva som skaper god psykisk helse, og å auke kunnskapen og vere meir open om psykisk helse.

Alle ungdomsskuleelevane i Fjord kommune får vere med på foredrag med Helsesista i skuletida.

Vi oppmodar spesielt føresette og alle som har kontakt med barn og ungdom om å møte opp på arrangementet kl 18.

Vi takkar sponsorane våre som gjer det muleg å gjennomføre denne dagen

Sparebanken Møre, Fjord ungdomsråd, Ungdom og Fritid, Mental Helse Stordal, Gjensidige Indre Sunnmøre, Stordal Helselag, Valldal Bygdekvinnelag, Eidsdal-Norddal Røde Kors, Eidsdal Helselag og TAFJORD

Arrangør er ungdomsrådet i Fjord kommune i samarbeid med Mental Helse Stordal.