Offisiell opning av Syltetorget

Offisiell opning av Syltetorget

Klikk for stort bileteFredag 11. juni kl 13 er det klart for offisiell opning av Syltetorget i Valldal sentrum. Parkanlegget på det nye torget er ferdig, og dette vil Fjord kommune markere.

Syltetorget er resultat av første byggjetrinn i tettstadutviklingsprosjektet for Valldal sentrum. På grunn av smittevernreglar vert dette ei nedskalert markering. Den store gjevar- og dugnadsfesten skal vi ta att når koronapandemien er over.

Utstillinga «Levende lokaler» opnar også denne dagen. Dette er ei utendørs utstillingsløype i Syltegata som skal henge oppe ut juli og gje idear og samle innspel til vidare tiltak for tettstadutvikling Valldal sentrum. Utstillinga viser deg vegen frå sentrumsdød til sentrumsglød og er produsert av DOGA (Design og arkitektur Norge).

Alle er velkomne til å delta, men det er sett ei avgrensing på maks 200 deltakarar (smittevern). Området vert gjerda inn og det blir snorklipping, musikk og enkel servering.
Her kan du melde deg på:

NB! Det er mange ledige plassar så det er også muleg å møte opp og registrere seg ved inngangen.

Påmelding opning Sylte torg 11. juni


Felt merka med * må fyllast ut


Dersom det er ledige plassar vil det vere muleg å registrere seg ved inngangen. 

Presentasjon av prosjektet.

Tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune