Offentleg ettersyn - Detaljregulering Hyttefelt Seljehaugen

Offentleg ettersyn – Detaljregulering Hyttefelt Seljehaugen gbnr. 143/1 – planid 202202.

Med heimel i plan- og bygningslova § 12-10 vedtek Fjord kommune å legge planforslag for Detaljregulering Hyttefelt Seljehaugen (dagsett 29.09.2023) ut til offentleg ettersyn i seks veker. Det er opent for innspel og merknader til planforslaget.

Føremålet til planforslaget er å legge opp til eit regulert fritidsbustadområde på Seljehaugen i Nørdalen i Fjord kommune for totalt 76 hyttetomter (3 av dei er eksisterande tomter), der ein tek utgangspunktet i bevaring av naturmangfald og kulturmiljø, slik at området kan nyttast på ein berekraftig måte.

Planarbeidet vert kunngjord i Storfjordnytt og Bygdebladet. Naboar og andre høyringspartar er varsla med eiga brev. Planforslaget kan gjerast tilgjengeleg på papir på kommunehuset i Stordal eller Rådhuset i Valldal.

Eventuelle merknader/innspel skal sendast skriftlege Fjord kommune pr. e-post post@fjord.kommune.no eller pr. post til Fjord kommune, pb. 144, 6210 Valldal.
Frist for å kome med innspel er 21.12.2023.

Føresegner (PDF, 303 kB)
Plankart (PDF, 906 kB)
Planomtale (PDF, 8 MB)
Vedlegg 3 ROS analyse (PDF, 197 kB)
Vedlegg 4 Tomtedelingsplan og snitt (PDF, 5 MB)
Vedlegg 5 Fagrapport naturmangfold Seljehaugen (PDF, 5 MB)
Vedlegg 6 Skredfarevurdering for Seljehaugen (PDF, 3 MB)
Vedlegg 7 Prosjektert veg (PDF, 2 MB)
Vedlegg 8 VA Rammeplan (PDF, 3 MB)
Vedlegg 9 Hyttetomt eksempeler (PDF, 881 kB)

Daria Klymenko
Kommuneplanleggar
E-post
Telefon 41 86 79 28