Nytt tilbod om biletkunst i kulturskulen

Nytt tilbod om biletkunst i kulturskulen

Fjord kulturskule har vi tidlegare arrangert eit kunstkurs som var svært populært og som mange unge frå heile kommunen deltok på. No ønskjer vi å starte opp faget Biletkunst, som er meint å vere eit fast tilbod gjennom skuleåret. Elevane vil her få arbeide med fleire ulike teknikkar innan biletkunsten.

I vår var det om lag 10 born og unge i alderen 8-12 år som meldte interesse for faget og har stått på venteliste. Dei får no høve til å stadfeste plassen sin, og så opnar vi i tillegg for at fleire kan søkje om plass, gjerne også dei som er litt eldre. Vi sender difor ut denne invitasjonen til alle elevar i 3.-10. klasse, og håper at enda fleire får lyst til å melde seg på. Vi tenkjer å dele elevane inn i to grupper etter alder. Nærare informasjon om gruppene blir sendt ut når vi har fått full oversikt over dei påmeldte. Oppstart blir tysdag 28. september.

Lærar: Sølvi Lill Seljebotn
Sølvi Lill har brei erfaring innan kunstfeltet, utdanning frå kunstfagskulen og arbeider no som glaskunstnar. Ho gler seg til å undervise elevar i Fjord kulturskule!

Stad: Stordal skule (K&H-rom i det eldste skulebygget)

Dag/tid: Tysdagar frå kl. 17.30 ->
(To grupper, om lag 1-1 ½ t. pr. gruppe, dei yngste først.)

Pris for haustsemesteret: Elevavgift kr. 1000 + materialavgift kr. 300

Påmelding - elektronisk søknadsskjema

Vi ber om at alle som vil vere med melder seg på seinast torsdag 23. september.
Plassane blir fylt opp fortløpande, så då er det «førstemann til mølla» 😊

Har de spørsmål? Ta kontakt med rektor Gøril Vidhammer tlf: 916 999 39 epost: goril.vidhammer@fjord.kommune.no