Nye i Fjord kommune

Nye i Fjord kommune

Fjord kommune har i vår og tidleg sommar gjennomført fleire tilsettingar samt endra og auka stillinga til ein del personale som allereie jobbar i kommunen.

Ein del har starta å arbeide, men nokon ventar til hausten kjem før dei tiltrer. Mange tenker kanskje at i den økonomiske omstillinga burde ein ikkje tilsette så mange nye, men lovpålagte oppgåver skal løysast og det skal vere forsvarleg drift i alle einingane. I dei aller fleste tilfelle er det personar som erstattar tidlegare tilsette som har gått av med pensjon eller fått seg arbeid med ein anna arbeidsgjevar. Kommunen får i disse tider også god hjelp frå alle ferievikarane som har starta ute i einingane og vi må rette ein stor takk til dei.

Våre nye kollegaer er:

Teknisk:

  • Emma Kuskemoen - Kommuneplanleggar
  • Thor-Martin Hove – Driftsoperatør Stordal
  • Leif-Magne Vad – Driftsoperatør Valldal
  • Jan Erik Vad – Brannkonstabel Stordal

Helse og Omsorg

  • Elise Torvik – sjukepleiar PLO Valldal
  • Janne Smoge Sævik – Sjukepleiar PLO Valldal
  • Andrea Vad – Helsefagarbeidar PLO Stordal
  • Anna Birgitt Myklebust – Leiar Bu- og Habilitering
  • Malin Helgesen Barstad – Sjukepleiar PLO Stordal

Oppvekst og kultur

  • Lene Follestad – Lektor Stordal skule
  • Ann-Guro Ølsholm Tronvik – Adjunkt Stordal skule
  • Helga Øvrebust – Adjunkt Stordal skule
  • Jill-Mari Almås – Adjunkt Stordal skule
  • Inne Colman – Adjunkt Valldal skule
  • Tor Petersen – Rektor Eidsdal skule
  • Torill Brastad – Styrar Syltebøen barnehage