Nye 850 millionar kroner til tilskotsordning for reiselivs-, event- og serveringsnæringane

Nye 850 millionar kroner til tilskotsordning for reiselivs-, event- og serveringsnæringane

Midlane skal brukast til å gjennomføre prosjekt for nødvendig omstilling og ei meir føremålstenleg tilpassing av den samla kapasiteten i næringane, og dessutan byggje opp under målet om størst mogleg verdiskaping innanfor berekraftige rammer

Tilskotsordninga skal bidra til å fremje grøn omstilling og bruk av digitale løysingar for å styrke konkurransekrafta i den enkelte bedrifta og Noreg som reisemål i eit langsiktig perspektiv.

Ordninga blir forvalta av Innovasjon Noreg og søknadene blir handsama regionalt. Alle bedrifter uansett storleik og geografisk lokalisering kan søkje. Bedriftene må kunne vise til eit gjennomsnittleg omsetningsfall på minimum 30% i desember 2020, januar og februar 2021 samanlikna med desember 2019, januar og februar 2020. Bedriftene må òg vere registrerte innanfor spesifikke næringskodar.

Nytt i denne utlysinga er at heile serveringsbransjen kan søkje. Det er løpande behandling av søknader i denne runden, men siste frist for å søkje blir likevel 30. september 2021.
Les meir her. Søknadsportalen er no open.