Ny søknadsfrist - tilskot landbruket

Ny søknadsfrist - tilskot landbruket

Fjord kommune har framleis nokre ubrukte midlar knytt til ordningane «Tiltak i beiteområde» og «Tilskot til drenering av jordbruksjord». Vi lyser difor ut ein ny søknadsfrist for desse ordningane. Frist for å søke er 12. mai. Er det framleis ledige midlar etter den tid, vil kommunen handsame søknader etter som dei kjem inn.

Fjord sin pott for SMIL-midlar 2021 er fordelte. Har du ein søknad kan du likevel sende den inn, men med mindre det kjem inn ekstra midlar i løpet av året, vil SMIL søknaden først bli handsama i søknadsrunden for 2022. Det er viktig å merke seg at det ikkje blir gitt støtte til tiltak som alt er starta opp før det er gjort vedtak om løyving av tilskot.