Notat frå bygdemøte - Eidsdal ferjekai

Notat frå bygdemøte - Eidsdal ferjekai

Notat frå bygdemøte på teams med Møre og Romsdal fylkeskommune om Eidsdal ferjekai - oppsummering

Det var planlagt bygdemøte med workshop i regi av Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med Fjord kommune og arbeidsgruppa for utvikling av Eidsdal sentrum. På grunn av innstrammingar i smittevernråda måtte bygdemøtet avhaldast på digitalt. Det vart likevel lagt fram informasjon frå både kommune, fylkeskommune, interesseorganisasjonar og innbyggarar, med ein spørsmålsrunde i etterkant, og det var over 45 deltakarar.

Martin Flatmo Hove, Merete Rønneberg og Terese Jemtegård Moen fortalte innleiingsvis litt om at det som har skjedd fram til no. Det har sidan i fjor haust vore arbeidd frå Fylkeskommunen si side med forprosjekt for oppgradering av sambandet Eidsdal-Linge frå 2024, og det ligg an til oppstart av reguleringsplan for Eidsdal sentrum. I den anledning har det vore avhaldt ei rekke møter for å drøfte status for Eidsdal sentrum, konsekvensar ved denne oppgraderinga, tettstadutvikling og det som høyrer med. Mellom anna vart det 8. desember 2020 arrangert bygdemøte og sentrumsprat for å drøfte tettstadutvikling og ferjekai.
I etterkant av bygdemøtet vart det åpna eit spørreskjema der innbyggarar kunne gje sine innspel. Der var det god oppslutning med over 100 svar med stort engasjement og seriøsitet i svara, der det i stor grad er semje om at ein må tenke grøntareal, møteplassar, benkar, god skilting og uavhengig av om ferjekaia og oppstillingsplassane vert lagt i eller utanfor sentrum. Forkjørsrett for bygdefolket og ønsket om bru er også tydeleg for mange av dei som har svart på skjemaet.
Terese Jemtegård Moen kunne fortelje om erfaringane frå sentrumsprat og skissemøte på Sjøkanten og viste fram dei ulike skissene som resulterte frå møtet. Her var det mange tankar og prinsipp tatt opp, skissert og drøfta som ei innleiing for debatten. Sjå dei ulike framlegga vedlagt. Desse er oversendt til Fylkeskommunen og vil følgje saka til Samferdselsutvalget.
Fylkeskommunen, ved Kristin Fostervoll, Morten Søvde og Anna Myrstad Strand, kunne fortelje at prosjektet sin bakgrunn er at FRAM har inngått avtale med Fjord1 om ferjer med kapasitet for 80 personbilekvivalentar som skal vere i drift frå 1. januar 2024, og i test allereie frå oktober 2023. Dei har ein del praktiske, tekniske og økonomiske tilhøve å forholde seg til som gjeng fram av deira presentasjonar (vedlagt).
Vedlagt er altså presentasjonane frå Fylkeskommunen, sjablongane for å prøve å planlegge ferjekai sjølv, samt eksempel utforma av Merete Rønneberg. I tillegg finn ein også skissene frå sentrumspraten på Sjøkanten.

Presentasjon Fylkeskommunen 1 (PDF, 703 kB)
Presentasjon Fylkeskommunene 2 (PDF, 2 MB)
Kartskisse Kristian Indreeide (PDF, 2 MB)
Oppsummering frå innspelskafe 16.12.2020 (PDF, 2 MB)
Klikk og lim eksempel Merete Rønneberg (PDF, 2 MB)
Kart Eidsdal A3 (PDF, 290 kB)
Ferje A3 (PDF, 24 kB)
Ferjekai A3 (PDF, 9 kB)
Oppstillingsfelt A3 (PDF, 113 kB)