Møte om framtidig næringsutvikling i Fjord kommune

Møte om framtidig næringsutvikling i Fjord kommune

 Fjord kommune skal utarbeide ein strategisk næringsplan. Vi inviterer næringsliv og interesserte til møte på Grendasalen i Stordalshallen onsdag 30. september kl. 18 for å få innspel til planen og kommunen sitt framtidige arbeid med næringsutvikling.

Møtet er eit samarbeid mellom kommunen, Fjordhagen og prosjektet Vekst i Stordal.

Program

Innleiing

  • Næringsutvikling i Fjord kommune v/Harald Espeland.
  • Presentasjon av utfordringar, moglege strategiar og tiltak.

Innspel/diskusjon

  • Møtedeltakarane vert utfordra til å kome med innspel, drøfte strategiar og tiltak

Arrangementet tek omsyn til smittevern, og vi ber derfor om påmelding til møtet. Det vil også vere høve til å delta på møtet via Teams. Påmelding via skjemaet her:

Påmelding til møte om næringsutvikling


Felt merka med * må fyllast ut

Vi håper du vil bidra med ditt engasjement og kunnskap.

Velkommen!