Middagslevering

Person med matkasse - Klikk for stort bilete

Vi er glade for at det no er på plass ei ordning med middagslevering til omsorgsbustaden i Eidsdal sju dagar i veka.

Frå og med denne veka er det skyssordning på plass, og rykande fersk mat blir sett på matbordet takka vere innsats frå dei frivillige. Valldal Lions Club køyrer tre dagar i veka, og dei andre dagane er det frivillige/tilsette som står for leveransen.