Massevaksinasjon av influensavaksine for risikogrupper

Massevaksinasjon av influensavaksine for risikogrupper

I år er det viktig å ta influensavaksina. Vi forventar stor pågang frå publikum, både på grunn av pågåande pandemi og fokus rundt vaksinasjon. Grunna retningslinjer for nærkontakt vil kommunen arrangere ein såkalla gymsalvaksinasjon for risikogrupper 2. og 3. november.

2 november: kl. 08.30 - 15.00 Vaksinasjon Stordalshallen

3.november: kl. 08.30  -15.00 Vaksinasjon Martin Linge-huset.

Risikogrupper:

Barn og vaksne med:

  • Kronisk lungesjukdom
  • Hjerte og karsjukdom
  • Diabetes type 1 og 2
  • Lever- eller nyresvikt
  • Kronisk nevrologisk sjukdom/skade
  • Nedsett immunforsvar
  • Pårørande til dei med nedsett immunforsvar
  • Alle frå fylte 65 år.
  • Gravide frå 12. Svangerskapsveke

Påmelding:

Du kan sende melding til legekontoret via Helsenorge.no  eller ringe legekontoret for å avtale tid for vaksinering.

Det vil vere mulegheit til å vaksinere seg ved legekontoret i etterkant for dei som ikkje får anledning til å delta desse dagane, men det er viktig at så mange som muleg benyttar seg av vaksinasjonsdagane slik at vi får sørge for god vaksinasjonsdekning før jul.

NB!

Minner om at du ikkje må møte opp til vaksinasjon om du har luftvegssymptom.