Lys opp Møre og Romsdal!

Lys opp Møre og Romsdal!

Søndag 5. desember blir det lysfest i heile fylket for å markere starten på Frivilligåret 2022. Vil du bli med?

Frivillig arbeid er limet i bygdene våre!

Fylkeskommunen oppfordrar denne dagen kommunar, frivillige organisasjonar og næringslivet til å gjennomføre aktivitetar der det blir sett lys på det frivillige arbeidet i lokalsamfunnet.

Fjord kommune vil med dette oppmode lag og foreiningar eller andre til å markere denne dagen – gjerne i samarbeid med andre!

Vi foreslår lysmarsj med lykt og refleks, bålpanne og kakao og kanskje litt underhaldning  – eller kanskje de har andre idear til arrangement som lyser opp?

Vi har bålpanner til utlån og tilbyr felles annonsering/plakatar og støtte til innkjøp av kakao eller liknande til dei laga som tek på seg arrangement i si bygd. 

Meld inn til frivillig@fjord.kommune.no snarast – seinast måndag 29. november - dersom du eller ditt lag tek utfordringa som arrangør den 5. desember!
Eller ring Bjørg tlf. 41867836

5. desember er FN sin internasjonale dag for frivillig arbeid.

 

 

2022 er frivilligheita sitt år, forankra i stortingsmeldinga Frivilligheita – sterk, sjølvstendig, mangfaldig (2018-2019).
Året skal sette fokus på frivillig arbeid som ein hjørnestein i den norske samfunnsmodellen og vise frem aktivitetar som skjer på frivillig basis i lokalsamfunn i heile landet.

Året skal feirast av frivillige, medlemmar, organisasjonar, kommunar, næringsliv og alle andre, både nasjonalt, regionalt og lokalt.