Last ned appen Smittestopp

Last ned appen Smittestopp

Klikk for stort bilete Smittestopp er ein app frå Folkehelseinstituttet (FHI). Den skal bidra til å hindre at koronaviruset spreier seg i samfunnet. Den er heilt frivillig å bruke. Appen har 16-års aldersgrense.

Slik fungerer appen: 

Dersom ein person med koronavirus gir beskjed gjennom Smittestopp, får du melding om du har vore i nærleiken av vedkommande. Dersom du sjølv blir smitta, kan du gjere det same. Dermed kan appen vere med å hindre at fleire blir sjuke.

Sjå video om korleis appen fungerer: 

Smittestopp, film frå Folkehelseinstituttet.

Korleis laste ned appen

Appen er tilgjengeleg på både Google Play og App Store. For å sikre personvernet, kan ingen app-brukarar sjå kor eller når ein har vore i kontakt med ein smitta. Appen formidlar ikkje denne typen opplysningar om andre.

Her finn du informasjon om korleis du lastar ned appen.