Lag din eigen teikneserie

Lag din eigen teikneserie

Klikk for stort bileteI nært samarbeid med Møre og Romsdal fylkes-kommune inviterer vi til ein eigen teikneserieverkstad med Geir Moen laurdag 1. mai frå kl 13.00 til kl 16.00. Framleis ledige plassar. Vi har opna opp for 12-åringar også.

Verkstaden blir på Stordal Ungdomsklubb/Stordal frivilligsentral, og målgruppa er ungdom frå 12 til 20 år. Det einaste ein treng ha med er eigen blyant samt ev andre teiknesaker ein har lyst til å bruke. Treng du ev mat undervegs, tek du med deg dette sjølv.

Det er Geir Moen som er leigd inn til denne spennande verkstaden. Han er ingen kven som helst! Han har mellom anna 25 års erfaring som serieskapar, illustratør og storyboard-teiknar. Han har arbeidd for dei fleste store forlaga i Norge. Han har også vore med på å lage spelefilmar, TV-seriar, og ei mengde med reklamefilmar. I tillegg til alt dette, underviser han i teikneserie-faget ved Einar Granum kunstfagskole i Oslo, og har reist land og strand rundt med Den kulturelle skolesekken sidan 2004.  

Å lage teikneseriar handlar om å formidle idear, historier, tankar, fantasi, humor og alvor. Felles for teikneseriar er at det er kort veg frå idé til ferdig produkt, og i løpet av verkstaden får deltakarane både finne på og teikne sin eigen serie.

Teikneseriar er det enklaste og mest nærliggande mediet for å fortelje historier i bilder, og i denne verkstaden får du som deltaker lære korleis kome i gong!

Verkstaden startar med enkle tips til korleis lage ein figur med unik personligheit, sett i eit ekte eller et fiktivt miljø. Korleis spinn ein ei historie ut frå stikkord om figuren, og til slutt; korleis får ein denne historia ned på papiret i form av en teikneserie?

Når du har lært det grunnleggjande, er det opp til kvar enkelt å lage historier i den sjangeren du vil. Du kan ta med lesarane dine på fantastiske reiser i fortid og fremtid eller kvar som helst i kva som helst univers, som finnes i hovudet ditt. Det er rett og slett berre fantasien som set grenser for kva du kan finne på!

Også i tida etter verkstaden, vil Geir kunne fungere som ein mentor for deg. I dette ligg det at han kan kome med gode råd, tips og rettleiing om du skulle ønskje det.

Det kostar ingenting å vere med, men pass på å vere tidleg ute med påmeldinga, då det berre er plass til 15 deltakarar! Her må det rett og slett bli “først til mølla” som gjeld.

Frist for påmelding vert tysdag 27. april.

Påmelding teikneserieverkstad

Felt merka med * må fyllast ut