Kunngjering om utlegging av manntal til offentleg ettersyn

Kunngjering om utlegging av manntal til offentleg ettersyn

Klikk for stort bileteKunngjering om utlegging av manntal til offentleg ettersyn

   

For å kunne røyste ved valet i haust må du stå i manntalet i kommunen. Du blir innført i manntalet i den kommunen Folkeregisteret har registrert deg som busett per 30. juni i år.

Dette vil seie at dersom du melder flytting til annan kommune etter 30. juni i valåret, vil du vere innført i manntalet i den kommunen/valkrinsen du flyttar frå.

Manntalet ligg ut til offentleg ettersyn frå 13. juli 2021 fram til valdagen 13. september 2021 på desse stadene:

  • Rådhuset i Valldal
  • Kommunehuset i Stordal

Manntalet kan ikkje leggjast ut på internett, jfr. Folkeregisterlova § 13.

Søknad om innføring i manntalet, eller klage på feil eller manglar sendast til:

Fjord valstyret
Postboks 144
6211 Valldal

Du kan også kontrollere om du er innført i manntalet ved å ringe 418 67 800, eller kontakte oss på e-post: post@fjord.kommune.no.

Sjå her for meir valinformasjon.