Kunngjering av vedtak – reguleringsplan for H60, Overøye

Kunngjering av vedtak – reguleringsplan for H60, Overøye

Fjord kommunestyre vedtok i møte den 01.10.2020 (sak 10/20) reguleringsplan for hyttefeltet H60, Overøye. Planen legg opp til etablering av inntil 59 fritidsbustader med omtrenteleg 47 bueiningar som enkelthytter og 12 bueiningar som 2-mannshytter i Øvre Stordal. Planforslaget har som føremål å auke næringsgrunnlaget for alpinalegget (1,4 km frå planområdet), og generelt auke aktiviteten og bruk av området med tanke på skiløyper, turstiar og lignande.

I samsvar med plan- og bygningslova (pbl.) § 12-12 er grunneigarar og andre varsla særskild med brev, og planvedtaket blir kunngjort i Storfjordnytt 08.10.20. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindane for framtidig arealbruk i området.

Vedtaket kan påklagast til kommunen jf. pbl. §§ 1-9 og 12-12, og forvaltningsloven (fvl.) kapittel VI. Eventuell klage skal sendast skriftleg anten pr. e-post til post@fjord.kommune.no eller pr. post til Fjord kommune, postboks 144, 6211 Valldal. Fristen for å klage på vedtaket er 29.10.20.

Vi opplyser om tilgangen til å be om utsett iverksetjing av vedtak inntil klagefristen er ute eller klagen er avgjord, jf. fvl. § 42. Etter at klagefristen er ute, vil vi orientere forslagsstillaren, partar som saka får direkte konsekvensar for, og regionale myndigheiter om eventuelle innkomne klagar på vedtaket.

Krav om erstatning etter pbl. § 15-2 og krav om innløysing etter den same lova § 15-3 må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjord.

Plandokument, saksframlegg, saksprotokoll og andre sentrale saksdokument:

Innspel frå Hallgeir Øvrebust om ny bru for å sikre betre tilkomst til H60 (PDF, 704 kB)

Emma Kuskemoen
Kommuneplanleggar
E-post
Telefon 418 67 925