Kunngjering av vedtak - Detaljregulering for Kreksa Hyttegrend

Kunngjering av vedtak - Detaljregulering for Kreksa Hyttegrend

Fjord kommunestyre vedtok i møte den 01.10.2020 (sak 106/20) detaljregulering for Kreksa hyttegrend som ligg tilknytt Omenås hyttegrend, Valldal. Planen legg til rette for fem nye tomter for fritidsbustader nordvest for eksisterande hyttegrend og har tilkomst gjennom dette feltet.

I samsvar med plan- og bygningslova (pbl.) § 12-12 er grunneigarar og andre varsla særskild med brev, og planvedtaket blir kunngjort i Storfjordnytt 08.10.20. Den vedtekne reguleringsplanen er straks bindane for framtidig arealbruk i området.


Vedtaket kan påklagast til kommunen jf. pbl. §§ 1-9 og 12-12, og forvaltningsloven (fvl.) kapittel VI. Eventuell klage skal sendast skriftleg anten pr. e-post til post@fjord.kommune.no eller pr. post til Fjord kommune, postboks 144, 6211 Valldal. Fristen for å klage på vedtaket er 29.10.20.


Vi opplyser om tilgangen til å be om utsett iverksetjing av vedtak inntil klagefristen er ute eller klagen er avgjord, jf. fvl. § 42. Etter at klagefristen er ute, vil vi orientere forslagsstillaren, partar som saka får direkte konsekvensar for, og regionale myndigheiter om eventuelle innkomne klagar på vedtaket.

Krav om erstatning etter pbl. § 15-2 og krav om innløysing etter den same lova § 15-3 må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjord.


Plandokument, saksframlegg, saksprotokoll og andre sentrale saksdokument:

Emma Kuskemoen
Kommuneplanleggar
E-post
Telefon 418 67 925