Kulturskulen i god driv

Kulturskulen i god driv

Klikk for stort bilete Kulturskulen er godt i gang, og dei aller fleste søkarane har fått eit tilbod.

Det er mykje spennande som skjer. Prøveprosjektet med korps i skulen blir starta opp att på Valldal skule. Vi håper at kulturskulen får høve til å gjennomføre alle aktivitetane som normalt, og at vi i tida framover kan bidra med ulike framføringar, konsertar og utstillingar til glede for innbyggarane.

Det blir starta opp gruppetilbod i biletkunst i slutten av september, og dansekurs i oktober. Elles arbeider vi med fleire spennande prosjekt. Nærare informasjon om desse tilboda kjem. 

Kulturskulerådet har laga ein flott film om kulturskulen inn i framtida.