Kulturlandskapsprisen 2021 til Norddal og Herdalen

Kulturlandskapsprisen 2021 til Norddal og Herdalen

Norddal Statsforvaltaren i Møre og Romsdal Bygda Norddal (Dalsbygda) og Herdalen får kulturlandskapsprisen 2021. Bygda held det heilskaplege og tradisjonsrike kulturlandskapet frå fjord til fjell i hevd på ein eineståande måte. Det er Statsforvaltaren i Møre og Romsdal som deler ut prisen.

Kulturlandsskapsprisen blir gitt til heile bygda.

Her er det mange eldsjeler og mykje aktivitet knytt til skjøtsel og formidling av kulturlandskapet. 

I grunngjevienga står det at gardsdrifta i dalen er allsidig  med både ku, geit, sau og hest  på beite i bygda og i utmarka. Herdalen er ein av dei mest særprega seterdalane i fylket, og på Herdalssetra er det her er framleis aktiv seterdrift og utnytting av utmarka på tradisjonelt vis. Den tradisjonelle og kontinuerlege skjøtselen gjer at området har ein stor artsrikdom..

Les statsforvaltaren si omtale av prisvinnaren her.

 

Godt bevart gjennom aktiv bruk

Juryen har lagt vekt på at busetnaden både nede i bygda, på fjellgardane og på setrene er godt teke vare på. Naustrekkja og kyrkja frå 1782 skapar ei vakker ramme om Norddal, og gjennom heile dalføret er det registrert ei rekkje bygningar med stor kulturhistorisk verdi.

– Kulturlandskapet i Norddal (Dalsbygda) og Herdalen er eit resultat av at kvar og ein i lokalsamfunnet gjer sitt for å halde det i hevd, seier fylkesordførar og jurymedlem Tove-Lise Torve.

Fjord kommune gratulerer bygda med kulturlandskapsprisen. Vi er stolt over at kommunen har ei bygd med eit slikt engasjement og innbyggjarar som legg ned ein stor innsats for lokalmiljøet.

Prisen vert delt ut i Norddal fredag 8. oktober.