Koronaviruset tek ikkje ferie

Koronaviruset tek ikkje ferie

Vi har så smått gjenåpna samfunnet. Det no sommerferie, og mange planlegg å ta ferien andre stader i Norge. Vi ønskjer å kome med nokre viktige påminningar og gode tips.

Gode vanar som førebygg smitte

Husk at koronaviruset framleis finst i Norge! Vi ser at mange har senka skuldrane med tanke på smittevernomsyn. Det er difor viktig å minne om at vi alle bør fortsette med dei gode vanane som hindrar deg i bli smitta, eller å spreie smitte vidare:

  • Hald deg rein på hendene, og unngå å ta deg i ansiktet 
  • Hald deg heime om du er sjuk (sjølv med små symptom) 
  • Hald minst 1 meter avstand til andre 

Mange opplever at desse tiltakene har ført til at ein generelt held seg meir frisk, og fleire bedrifter melder om generelt lavere sjukefråvær. Adferdsendringa vår som følge av korona har for mange blitt til gode og etablerte vanar, som det er viktig å fortsette med også framover.


Test deg viss du kjenner symptom.

Stordal legekontor - tlf. 70 27 91 50
Valldal legekontor - tlf. 70 25 89 00

Du kan også ringe legevakta på tlf.: 116 117.


Smittevernråd for ferie og reiser

Får du symptom på reise, er det viktig at du testar deg der du er. Ikkje vent til du er heime igjen. Gå inn på den gjeldande kommunen si heimeside, der vil du finne kontaktinformasjon for testing. Får du påvist smitte er det viktig at du isolerer deg for å unngå smittespreiing! Tenk difor over kva du skal gjere om du blir sjuk på reise og må isolere deg, eller om du må i karantene. Husk reiseforsikring.


Vi er i beredskap

Vi følgjer gjenåpninga av samfunnet og utviklinga av koronasituasjonen tett. Målet er at smitteverntiltaka held fram for å forhindre ei eventuell smittespreiing. Vi ønsker å finne smitte raskt, slik at enkeltpersoner ikkje sprer smitte rundt seg unødig. Difor står vi klare gjennom hele sommaren til å spore opp nærkontakter og beordre desse i karantene straks. Har du mistanke om at du er i kontakt med smitte, så ver ekstra forsiktig med å møte andre på nært hald inntil det er avklart! 

Vi ønsker alle ein god og smittefri sommar.