Kompensasjonsordning til lokale verksemder - covid-19, ny tildeling

Kompensasjonsordning til lokale verksemder - covid-19, ny tildeling

Nye midlar: Fjord kommune har fått tildelt kr 250.000 i andre tildelingsrunde som no vert lyst ut. Støtteordninga er retta mot verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale strenge smitteverntiltak i samband med Covid-19, og som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Kriteria for dei to tildelingane er dei same.

Søknadsfrist er 24. mai.

Søknadane for begge utlysingane vert handsama i formannskapet 17. juni 2021.

Det betyr at dei som har søkt i første runde ikkje treng å sende ny søknad.

 

Midlane skal særleg rettast mot:

  • støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og stenging
  • støtte til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane, og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar

Krav til søknad:

Søknaden må ha vedlagt dokumentasjon på tap som følge av smitteverntiltak og stenging, inkludert erklæring frå rekneskapsførar/revisor, slik som: 

• tapte inntekter knytt til nedstenging i høve til offentlege smittevernkrav
• ekstra kostnader til smitteverntiltak
• andre kostnader  

Søknaden må vidare gje informasjon om kva anna offentleg støtte foretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021, og kva ordning støtta er heimla i.

Merk: Opplysningar som kjem fram i søknaden vil i utgangspunktet vere offentlege etter offentlegheitslova.

Søknader sendast inn via www.regionalforvaltning.no.

Rapportering

Fjord kommune og departementet kan be om innsyn og kontroll med at støtta blir nytta i tråd med søknad og intensjonen i ordninga.

Les meir om kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder på  Kommunal- og  Moderniseringsdepartement

Dersom du har spørsmål om ordninga, ta kontakt med Fjord kommune v/Charles Tøsse tlf 41867830 eller Fjordhagen v/Terese Jemtegård Moen tlf 92805659.