Innspel til handlingsprogram og søknad om spelemidlar 2023

Innspel til handlingsprogram og søknad om spelemidlar 2023

A. Winther Med mål om mest mogleg aktivitet for pengane fordeler Kulturdepartementet kvart år tilskot frå spelemidlane til anlegg for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.

Anlegg som det skal søkjast om spelemidlar til må vere ein del av kommunen sitt handlingsprogram.
Alle er invitert til å kome med innspel til handlingsprogrammet for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i Fjord kommune.

Innspela kan vere konkrete og gjelde anlegg planlagt i nær framtid, eller det kan vere eit langsiktig ønskje. Innspela må vere skriftlege og skal sendast til post@fjord.kommune.no
Skriv gjerne litt om bakgrunnen for ønsket. Planen kan rullerast og nye anlegg bli tatt inn kvart år dersom det oppstår behov for det.

Frist for å kome med innspel til handlingsprogrammet for 2021 – 2025 er 1. oktober 2022.


Anlegga som allereie ligg inne i handlingsprogrammet, vert automatisk vidareført.
Her finn du Fjord kommune sitt handlingsprogram for 2021 - 2025, (PDF, 399 kB) etter politisk behandling i desember 2021.

Dette anlegget i Fjord fekk tildeling i 2022: Idrettshallen i Martin Linge-huset (Norddal fleirbrukshall), kr 3,2 mill.

Søknad om spelemidlar  
Frå og med søknadsåret 2020 er idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning tatt vekk frå ordninga. Søkjar må sjølv syte for at søknaden tilfredsstiller dei krav som ligg i gjeldande regelverk for spelemidlane. Ta kontakt med kommunen i god tid på førehand for rettleiing og hjelp til søknaden.

Søknadsfrist for å søkje om spelemidlar for 2023, er sett til 15. oktober 2022.
Dette gjeld både ny, fornya og gjentatt søknad.

Søknaden skal leggjast inn i anleggsregisteret.no. Her finn du også meir informasjon om korleis ein søkjer, og kva vilkår og krav som vert stilt til søknaden.

Etter 15. oktober vert dei innkomne søknadane gjennomgått av kommunen og søkjar får høve til å ettersende eventuelt manglande vedlegg eller informasjon. Alle søknadane vert sendt vidare frå oss til Møre og Romsdal fylkeskommune innan 15. januar 2023. 

Fjord kommune vedtek prioritert handlingsprogram etter innspel frå Fjord idrettsråd.
Vedtak for 2023 vert gjort i siste kommunestyremøte i 2022.

For spørsmål, kontakt

Kulturkonsulent Hallgeir Hove tlf 909 49 358

Folkehelsekoordinator Kristi Linge Stakkestad tlf 418 67 806