I samband med arbeidet med levekårsplan og arealplan gjennomfører vi ei innbyggjarundersøking med spesiell fokus på bustadbehov.
I løpet av ettermiddagen fredag 14. november vert det sendt ut ein sms til alle innbyggjarar med ei lenke til spørjeundersøkinga. Kommunen ønsker svar frå alle innbyggjarar over 18 år, og undersøkinga vil vere open og mogleg å svare på fram til 28.november.
Lenke til undersøkinga
Undersøkinga vil hjelpe kommunen med å kunne planlegge og legge til rette for gode liv for folk i Fjord.
Ordførar Terese Jemtegård Moen håpar at så mange som mogleg svarar på undersøkinga.
"For å få til ein betre fungerande bustadmarknad i Fjord kommune er det ønskeleg at innbyggjarane våre er med og tek ansvaret for utviklinga i si eiga bygd. Dersom ein til dømes bur i ein stor einebustad, kanskje også i brattlendt terreng, kan det vere svært positivt med tanke på å planlegge for eigen alderdom at ein sel einebustaden og heller kjøper seg ei lettstelt leilegheit med gangavstand til butikk, busshaldeplass mm. Då vil einebustaden vere attraktiv for unge familiar som ønsker å etablere seg, og på den måten vil vi få ein betre fungerande bustadmarknad. Det fins fleire støtteordningar ein kan nytte seg av for å få ei slik endring. Informasjon om dette og mulegheit til å kome i kontakt med ein rådgjevar i kommunen får ein ved å svare på undersøkinga", seier ordføraren.
Publisert 14.11.2025 13.21
Sist endra 14.11.2025 13.21