Informasjon om påvist smittetilfelle i Fjord kommune

Informasjon om påvist smittetilfelle i Fjord kommune

Det er påvist eitt smittetilfelle i Fjord kommune. Vedkomande som har testa positivt på covid 19 er i isolasjon. Nærkontakter til den smitta er i karantene.

I samråd med kommuneoverlegen har vi utifrå eit føre-var-omsyn bestemt at elevar i tre klasser ved Stordal skule inntil vidare skal ha heimeundervisning. Av same grunn er det bestemt at alle aktivitetar i Stordal, slik som treningar, kor, song, korps og andre større samlingar skal opphøyre fram til prøvesvar for nærkontakter ligg føre. Det er sett i gang smittesporing.

Vi minner elles om den generelle oppmodinga om å halde avstand, følgje alle smittevernråd og redusere sosial kontakt.