Informasjon om koronasituasjonen

Informasjon om koronasituasjonen

Klikk for stort bileteFjord kommune viser til nye og strengare tiltak i kommunane Ålesund, Sula og Giske gjeldande frå og med 27. april. 

Her er tiltaka for Ålesund, Sula og Giske 

Fjord kommune vil presisere at alle som reiser til eller frå desse kommunane, må følgje tiltaka som er gjeldande der.

Det vil mellom anna seie at alle frå desse kommunane skal ha heimekontor om dette er praktisk mogleg.

Reiser ein kollektivt, eller er i situasjonar der det er vanskeleg å halde ein meter avstand til andre, skal ein bruke munnbind.

Vi oppmodar alle på sterkaste om å unngå unødige reiser ut av kommunen til situasjonen blir meir avklart.

Vi oppmodar folk om å halde seg oppdatert, ettersom situasjonen kan endre seg raskt.