Informasjon om koronasituasjonen

Informasjon om koronasituasjonen

På bakgrunn av dei påviste smittetilfella vi dei siste dagane har hatt i Fjord kommune, vil det verte sett i verk ein del førebyggande tiltak for å redusere risiko for ytterlegare smittespreiing.

Heimeundervisning for elevar i 5 – 10. klasse  ved Stordal skule vil halde fram ut komande veke, altså fram til 30. november. Elevane får tilbod om undervisning i Teams også i kulturskulen.

Born på  småskulesteget og i barnehagen skal møte i skule og barnehage. Dette er gjort  i samråd med smittevernlegen.

Det vert innført førebyggande tiltak på legekontora våre og på teststasjonen. Testkapasiteten i kommunen er god, men det er stort press på mikrobiologisk avdeling på sjukehuset. Dette gjer at personar med symptom må prioriterast først m.o.t testing.

Vi innfører på nytt besøksrestriksjonar ved alle institusjonane i Fjord kommune.

For kommunen sine tilsette, skal vi så langt der er råd unngå kryssing mellom bygdene og bygningane.

Alle organiserte fritidsaktivitetar og samankomstar i Stordal skal inntil vidare opphøyre. Ein bør elles vere varsam med aktivitetar som omfattar deltakarar frå fleire bygder, og spesielt der det er påvist smitte.

Formannskapsmøtet som skal haldast komande torsdag vert halde som  digitalt møte.

 

Den viktigaste oppgåva for oss alle no er det som vi har blitt innprenta:

Hald god avstand, vask hendene ofte, unngå sosiale lag og ver heime om du kjenner deg sjuk.

Med god smittevern-disiplin, vil vi raskare kome tilbake til ein smittefri situasjon igjen.