Husk påmelding til kulturskulen

Husk påmelding til kulturskulen

Klikk for stort bileteSøknadsfrist for hovudopptaket til skulestart i haust er 1. mai. Kulturskulen er i utgangspunktet open for søknadar heile året, og vi tek fortløpande inn elevar på faga der vi har ledige plassar. Men nokre av faga er så populære at dei raskt blir fullteikna, og det vil då vere venteliste til desse. Vi anbefaler difor å søkje no dersom ein ønskjer elevplass til hausten.

Du søkjer plass på kulturskulen her

I det digitale søknadsskjemaet finn ein som tidlegare dei ulike musikkfaga vi tilbyr i kulturskulen.

Opplæringa på blåseinstrument er i samarbeid med dei tre skulekorpsa i kommunen.

I tillegg har vi no opna for å ta imot søknadar også til biletkunst og dans. Korleis opplegget for desse faga vil bli er enno ikkje heilt klart, og denne påmeldinga vil difor ikkje vere bindande no. Vi ser på det som ei kartlegging av interesse innan ulike aldersgrupper i bygdene våre, og så vil vi komme tilbake med meir informasjon om tilboda seinare.

Her kan du sjå animasjonsfilm om kulturskulen.

Ved spørsmål, ta kontakt med rektor Gøril Vidhammer på epost eller tlf. 418 67 831.