Har du huska å melde flytting for deg og din familie?

Vi erfarer at det er fleire som har flytta til Fjord kommune, som enno ikkje har sendt flyttemelding til Folkeregisteret. 

Alle skal melde flytting innan 8 dagar, les meir på Skatteetaten sine sider

Der du har bustadadresse 1. januar er avgjerande for kva kommune du betaler skatt til det komande året. Om lag 70% av kommunen sine samla inntekter kjem frå rammetilskot og skatteinntekter. Dette er viktige inntekter for Fjord kommune, som skal vere med og finansiere tenstetilbodet til innbyggarane våre. 

Vi oppmodar alle som har flytta hit dei siste åra om å sjekke at du og ev familien din er folkeregistrert i kommunen.