Har du fått endra fastlege i Stordal?

Vi driv og tilpassar ny drift på legekontoret i datasystema. Det kan bli endring i ditt oppsett på fastlege, då dette tilbodet no blir drifta av tre legar i staden for ein som tidlegare.

I ein overgang kan det skje at du har fått tildelt ny lege. Du kan då gå inn på nettsida til HelseNorge og ev endre til anna lege om du ønskjer det. 

Har du ikkje fått melding om ny tildelt lege, så står du på ei liste som heiter "Utan fastlege". Dit vart alle flytta då forrige fastlege slutta. Innan mars blir du tildelt ny fastlege i kommunen.