Gratis utlån av friluftsutstyr

Gratis utlån av friluftsutstyr

Gratis utlån av friluftsutstyr gjennom utstyrsbasen. - Klikk for stort bileteTruger til utlån gjennom utstyrsbasen Frivilligsentralen

Har du lyst til å teste truger eller langrennsski - eller treng du barnepulk, fiskestang eller isfiskebor? Fjord kommune har ein utstyrsbase for aktivitetar i friluft. Det er gratis utlån. 

Basen er lokalisert i Stordal. Ta kontakt måndag - fredag kl. 08-16 for å avtale tidspunkt for ut- og innlevering. Vi kan hjelpe til med transport av utstyr til Valldal og Eidsdal.

Meir informasjon om utstyrsbasen her.

Bjørg Jacobsen
Frivilligsentralen i Stordal / kulturkoordinator
E-post
Telefon +47 90 52 91 64