Det nærmar seg påske og dei fleste av oss har det vi treng og enda litt til. Likevel trur vi at det her i kommunen, som alle andre plassar, kan vere nokon som ikkje har det like bra. Av ulike årsaker kan det for nokon vere vere vanskeleg å få endane til å møtast.
Vi ønsker å nå desse for å kunne bidra - kanskje ei matkasse til påske kan vere til litt hjelp?
Vi hjelper alle - gammal som ung - ingen ønsker for små eller for store.
Vi veit det kan vere vanskeleg å ta kontakt sjølve, ta gjerne kontakt gjennom nokon andre som du føler deg trygg på. Eller kanskje du kjenner nokon som har ekstra utfordringar?
Det er kjekt å kunne hjelpe akkurat deg litt ekstra i år. Ein annan gong kan det vere du som hjelper nokon andre.
Kom gjerne med nokre stikkord på kva du treng og kor mange det er i husstanden. Om det er barn i husstanden er det fint om vi kan få antal og alder på barna.
Ta kontakt på e-post snarast og innan 6. april: frivillig@fjord.kommune.no
Vil du bidra?
Vipps til 741324 eller kontonummer 3905.15.69184
Om privatpersonar eller bedrifter ønsker å bidra på andre måter - ta gjerne kontakt på e-post.
Midlar som blir til overs, vil bli nytta til jul og i beredskap til innbyggjarar ved spesielle hendingar.
Givarglede var starta til jul i 2021 etter privat initiativ og i samarbeid med frivillige, Eidsdal-Norddal Røde Kors og Fjord kommune. Tiltaket vil no bli vidareført med matkasse også til påske. Vi har oppretta ei arbeidsgruppe for «Givarglede», som består av representantar for Eidsdal-Norddal Røde Kors, frivilligsentral og frivillige. Vi har samarbeid med helse, omsorg og velferd i Fjord kommune.
Vi er opptatt av personvern, og dette blir tatt i vare. Dei som sitt i arbeidsgruppa for «Givarglede» har teieplikt.
Påskehelsing frå sambygdingar som ønsker å gjere ein forskjell
Plakat