Fyrverkeri i påska

Kommunen har fått fleire henvendelsar om fyrverkeri i påska.

Det har vore dialog med politiet som kjem med klar tilbakemelding:

Hytteområde, bustadområde mv blir definert som offentleg område, og er dermed omfatta av politivedtektene til Fjord kommune.

  • § 3 i politivedtektene:
    Farleg eller skremmande verksemd
    På offentleg stad er det forbode:
    1. å skyte med gevær eller anna skytevåpen.
    2. å brenne av krut, fyrverkeri eller sprengstoff utan at politiet har gjeve løyve. Slikt løyve er ikkje påkrevd for godkjent fyrverkeri som skal nyttast i tidsrommet 31. desember kl. 18.00 til 1. januar kl. 02.00.
    3. å kaste eller sleppe stein, snøball eller anna som kan vere til skade eller ulempe for dei som ferdast der.

Skal det fyrast av fyrverkeri utanom nyttårsaftan må det søkjast om løyve av politiet.