Fylkesprisen Årets bedrift - har du forslag?

Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer kommunar, organisasjonar, institusjonar, media og privatpersonar til å fremme forslag på bedrifter som kan vere aktuelle kandidatar til «Fylkesprisen for Årets Bedrift 2022». 

Kandidatane kan kome frå alle bransjar som industri, handverk, tenesteyting og opplevingsnæringane. Prisen skal gå til ei bedrift i Møre og Romsdal som på ein eller fleire måtar har utmerka seg.

Forslag til kandidatar til «Fylkespris for Årets Bedrift 2022» skal leverast elektronisk på nettsida.

På nettsida til Møre og Romsal fylke finn ein meir praktisk informasjon om prisen og kriteria for nominasjonen. Frist for innsending av forslag er måndag 6. februar 2023.

«Fylkesprisen for Årets Bedrift 2022» blir delt ut på Fylkestinget 24. april 2023.