Fylkeskommunen støttar tettstadutvikling i Valldal med over 2 millionar!

Fylkeskommunen støttar tettstadutvikling i Valldal med over 2 millionar!

Tettstadprogrammet til Møre og Romsdal fylkeskommune har vore ein sterk medspelar i prosjektet for å gjere tettstadanalyse, lage utviklingsplan, gjennomføre skisseprosjekt og prosjektering av tiltak på Torget i Valldal. 

No har saka vore oppe i Kultur-, næring- og folkehelseutvalet som har gjort følgjande vedtak om vidare støtte av prosjektet med realiseringa av Syltetorget og Trebrygga:

  1. Møre og Romsdal fylkeskommune løyver eit tilskot på inntil 2 036 000 kroner frå distrikts- og regionalpolitiske tilskot, ramme 60 i økonomiplanen, til Fjord kommune for prosjektering og opparbeiding av tiltak i Valldal sentrum. 
  2. Tilskotet er gitt på vilkår av fullfinansiering og er avgrensa til 34,3 prosent av totalkostnad.

Med dette bidraget er prosjektet, som no er ute på anbod, enno nærare realisering. Kommunen har løyvd midlar til sin tredel, no har fylkeskommunen løyvd sin tredel, og førstkomande laurdag er det innsamlingsavspark for næringsliv og private bidragsytarar for å samle inn resterande del på 1 864 000. For å få prosjektet i havn må heile beløpet samlast inn. Det er sett krav om at det skal vere eit felles løft med ein tredel kvar mellom kommune, fylkeskommune og private. Det er allereie kome inn fleire bidrag som vil bli annonsert under avsparket, og vi håpar du tek turen til Martin Linge-huset laurdag 5. september kl 16!