Frivilligforum 2020

Frivilligforum 2020

Frivilligsentralane i Fjord kommune inviterer til Frivilligforum i Stordalshallen, tysdag 27. oktober kl. 18.00 - 20.30.   

Alle lag og organisasjonar, frivillige og andre interesserte er velkomne til ein kveld med informasjon, drøftingar og kveldsmat.

Ordførar Eva Hove og kommunalsjef for oppvekst og kultur, Charles Tøsse vil vere til stades og leiarane av frivilligsentralane informerer.

Frivilligforum er ein samhandlingsarena for frivilligheita, og ei vidareføring av inspirasjonskvelden som var i 2019. Målet vårt er at Frivilligforum etter kvart kan bli ein årleg møteplass!

På grunn av smittevern og bestilling av mat, ønskjer vi påmelding innan 25. oktober:

Påmelding til Frivilligforum 27. oktober

Felt merka med * må fyllast ut



Arrangementet er gratis.