Første tilfelle av korona-smitte i Fjord kommune

Første tilfelle av korona-smitte i Fjord kommune

Fjord kommune fekk laurdag 21. mars stadfesta sitt første tilfelle av covid-19-sjukdom. Personen er smitta under utanlandsreise.

- Vi visste at denne dagen ville kome, sjølv om det ikkje er ei kjekk melding å få. Som kommune er vi så godt budd på dette som vi kan vere, seier ordførar Eva Hove. Vi testar fortløpande etter nasjonale kriteriar.

Tilstanden er bra

Den smitta har sidan heimkomst frå utlandet vore i karantene, og har ikkje vore i kontakt med andre. Det har heller ikkje resten av reisefølgjet. Det er blitt gjennomført smittesporing. Tilstanden til den smitta er bra. Vedkomande har ikkje vore i kontakt med andre. 

For dei fleste innbyggarane i Fjord vil det nyoppdaga smittetilfellet ikkje ha noko å seie.

- Vi skal alle halde fram med dei gode smitteførebyggande tiltaka som vi driv med. Folk er flinke til å halde seg inne og i karantene dersom dei kan vere smitta eller har luftvegsinfeksjon.  Mange har meldt seg som frivillige for å kunne hjelpe dei som no  sit inne, til dømes med innkjøp, seier Hove.  Men det er viktig at vi også framover held fast på at dei same restriksjonane når det gjeld sosial aktivitet og har god handhygiene.

Har du spørsmål om korona der du ikkje finn svar på heimesida? Då kan du ringe Fjord kommune sin koronatelefon.

Kontinuerleg arbeid

Som ordførar er ho del av kriseleinga, som har vore i funksjon  sidan måndag 9. mars. Men lenge før den datoen har kommunen, og særleg helse-  og omsorgssektoren, planlagt korleis koronasmitte skal handterast  i kommunen.

Hald deg oppdatert

Hove viser til helsenorge.no sin koronaportal for gode smitteverntitak, tips til å halde ut i karantene råd til risikogrupper med meir. For å halde seg oppdatert på korleis situasjonen er i Fjord kommune er det lurt å sjekke nettsida regelmessig. Det er også smart å følgje kommunen på Facebook.

- Noko av det viktigaste er at alle følgjer med på dei råda og retningslinjene som kjem frå offentlege instansar, mellom anna om å halde seg heime om ein er forkjøla. Då kan vi halde smittespreiinga under kontroll og ikkje overbelaste helsevesenet, seier ho.