Første milepæl mot full fiberdekning

Første milepæl mot full fiberdekning

Klikk for stort bileteI oktober i fjor teikna Fjord kommune kontrakt med TAFJORD om utbygging av fiberbreiband i heile kommunen. Kontrakta inneber at Fjord kommune kan nå målsetjinga om å kunne tilby fiberbreiband til alle innbyggjarane sine innan utgangen av februar 2022.

Utbygginga følgjer ein nøye oppsett plan med klare tidsfristar. Samarbeidet med Tafjord Connect har gått heilt etter planen, og no er første milepæl nådd. Måndag 31. mai markerte vi at heile Dyrkornbygda har fått tilgang til fiberbreiband, seier ordførar Eva Hove .TAFJORD stilte med vaflar  - og ikkje  minst stilte dei med teknisk support for abonnentar som  hadde bruk for litt hjelp.

Totalt skal utbygginga omfatte 353 husstandar og verksemder i heile kommunen, og utbygginga er  allereie starta opp fleire stader i kommunen. På sikt er det også planer om å kunne tilby fiberbreiband til fritidsbustader i kommunen. Men første milepæl er no  altså nådd. Dyrkornbygda har fått fibertilgang!

I dagens samfunn er fiberbreiband like viktig infrastruktur som straum og vatn. Skal vi få folk  til å bu her, må dette vere på plass. Det har vi til fulle erfart i det siste året, der mange av oss er blitt nøydde til å utføre stadig meir av arbeidet vårt digitalt. Å syte for fibertilgang er god distriktspolitikk, seier Eva Hove.

Utbygginga er finansiert delvis med NKOM-midlar (40%) men dette kunne ikkje ha vore muleg å realisere utan at kommunen også over tid har sett av betydelege summar til dette føremålet. No kan kommunen snart verte ein av få distriktskommunar som kan tilby fiberbreiband til alle innbyggjarane sine. Også det gir  grunn til å feire!