Flott prestasjon i forskingskonkurranse

Flott prestasjon i forskingskonkurranse

Guro Solli Grønningsæter og Sigve Nydal frå Fjord kommune og Stian Sørland frå Ålesund kommune, som går på Fagerlia vgs, kom på tredjeplass i forskingskonkurransen "Holbergprisen 2020". Prosjektet deira, "Trivsel og læringsmiljø i store og små skoleklasser", såg på om små skuleklassar er kjenneteikna av høgare trivsel og betre læringsmiljø enn store klassar

Dei fekk mange gode ord frå fagjuryen, bl.a. "Rapporten fremstår  som genuint utforskende, basert på elevenes erfaringer med egets kolemiljø." "Elevene viser på en god måte at de lar resultatene tale for seg selv, selv om dataene motsier deres egne hypoteser." "Juryen peker på at dette er en svært god forskningsrapport, hvor særlig det metodiske refleksjonsnivået fremstår som en styrke og holder høy kvalitet. Juryen gratulerer med et godt gjennomført forskningsprosjekt."

Guro Solli Grønningsæter og Sigve Nydal var tidlegare elevar ved Eidsdal skule, Guro var òg elev ved Dalsbygda skule og barnehage. Allsidige elevar med gode kunnskapar. Guro har vist seg som ein veldig habil fotballkeeper, Sigve har vore med på Klassequizen (med full score) og i Abel-konkurransen i matematikk. Kjekt å sjå at ungdommar frå  våre små bygder viser seg fram.

Les meir om prosjektet her