Fleire smittetilfelle

Fleire smittetilfelle

Klikk for stort bilete Det er i dag påvist fleire nye smittetilfelle i kommunen.

Ein person i Eidsdal er smitta. Smittesporing er utført.

I Stordal er ein ungdomsskuleelev påvist smitta. Medelevar og nærkontakter vart testa i kveld. Hurtigtestane i kveld viste ytterlegare 5 positive. Desse blir verifisert med nye testar av alle i morgon. Det er fleire elevar i andre klasser med symptom. Smittesporing er i gang.