Fleire kan få bustønad til høge straumutgifter

Fleire kan få bustønad til høge straumutgifter

På grunn av høge straumprisar, er bustønaden styrka i desember, januar og februar. Styrkinga gjer at fleire pensjonistar, uføre og andre med låg inntekt kan få bustønad og ekstra støtte til straumutgifter i vinter.

Dette er endringane:

  • Grensene for inntekt er auka
  • Reglane for formue er mellombels fjerna
  • Ekstrautbetaling av straumstøtte til alle mottakarar av bustønad

Søknadsfristen for januar er 31. januar. Då får du vedtak og utbetaling 18. februar. For februar er søknadsfristen 25. februar, med vedtak og utbetaling 18. mars.

Du kan lese meir om endringene på husbanken.no. Der kan du også sjekke inntektsgrensene, berekne bustønaden med bustønadskalkulatoren og søkje på bustønad.